Vedtekter

Startside
Opp
Skulerute
Inntaksreglement
Ordensreglement
Timefordeling
Vedtekter
Historie

 

 

VEDTEKTER FOR MØRE UNGDOMSSKULE.

§ 1
Eigarforhold

Stiftelsen Møre Ungdomsskule eig Møre Ungdomsskule.

§ 2
Arbeidsområde

Møre Ungdomsskule skal gje undervisning på ungdomstrinnet (8.-10. klasse) i grunnskulen.

Undervisninga skal skje i samsvar med Lov om grunnskolen og den videregående opplæringa av 17. juli 1998 nr.61 og Lov om frittståande skular av 4. juli 2003 nr. 84.

Målet for undervisninga er å føre elevane fram til offentleg godkjend eksamen.

§ 3
Basis og føremål

Skuledrifta skal vere forankra i dei kristne grunnverdiane slik dei kjem til uttrykk i Bibelen og den evangelisk-lutherske vedkjenninga. I alt sitt arbeid skal skulen søke å vinne og bevare dei unge for Kristus.

Dette målet søkjer ein å nå m.a ved at heile personalet, både i og utafor undervisninga, går inn for å vekke og styrke det kristne livet hos elevane.

Denne paragrafen kan ikkje endrast.

§ 4
Skulen sitt styre

Styret ved Møre Ungdomsskule skal ha fem medlemmer og inntil tre varamedlemmer. Styremedlemmane vert valde for tre år om gongen og kan gjenvelgast til ei ny periode. Varamedlemmene vert valde for eitt år om gongen.

Fylgjande har rett til å vere til stades på styremøta, seie si meining og få denne ført i protokollen:

  1. -ein representant oppnemnd av vertskommunen

  2. -ein representant oppnemnt av foreldrerådet.

  3. -ein representant oppnemnt av lærarrådet.

  4. -ein representant oppnemnt av elevrådet

§ 5
Styret sine oppgåver

Styret sine oppgåver er:

  1. Velge formann og nestformann for eitt år om gongen.

  2. Fastsetje reglement og instruksar for skulen og føre tilsyn med at skulen si verksemd er i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og reglement.

  3. Tilsetje rektor og undervisningsinspektør

  4. Tilsetje undervisningspersonale og personar i andre funksjonar. Styret kan tilsetje utan offentleg utlysing.

  1. Godkjenne årsmelding, rekneskap og budsjett.

  2. Delegere mynde til rektor. Tilsettingsmynde kan berre delegerast når det gjeld vikariat inntil eitt skuleår.

§ 6
Rektor

Rektor er pedagogisk og administrativ leiar for Møre Ungdomsskule.

Rektor har ansvar for at skulen sine vedtekter, lov, reglement, instruksar og styret sine vedtak vert fylgde.

Rektor møter fast i styret og er styret sin sekretær. Rektor har rett til å seie si meining og få denne ført i protokollen.

§ 7
Skulen sine råd

Det skal vere lærarråd, elevråd og foreldreråd ved skulen. Styret bestemmer reglar for dei ulike råda.

§ 8
Endring av vedtektene

Styret for stiftelsen kan vedta endringar i vedtektene med unntak av § 3.


 

Startside | Skulerute | Inntaksreglement | Ordensreglement | Timefordeling | Vedtekter | Historie

Området ble sist oppdatert 12.12.11.