ORDENSREGLEMENT
1. HALDNINGAR
Alle i skulen, lærarar og elevar, må gjere sitt beste for at skulen kan
vere ein triveleg, trygg og stimulerande arbeidsplass.
Det er venta at alle er venlege, ærlege, høflege og viser respekt for
kvarandre.
2.
FRAMMØTE
Vi møter presis til alle timar. Elevane skal alltid ha med nødvendig
utstyr til timane og straks gjere seg klar til under-
visninga.
3.
FRIMINUTT OG LANGFRI
a.
I friminutta og langfri oppheld elevane seg innafor skulen
sitt område.
b.
Første del av langfri er matpause. Matpausen startar kl. 11.00 og
elevane et i klasseromet.
4.
SKULEBYGNINGAR OG INVENTAR
Vi må vere forsiktige og ikkje skade eller øydelegge skulen sine
bygningar, inventar, utstyr og læremiddel. Dersom du skulle vere uheldig
å øydelegge noko, skal du varsle lærar, inspektør eller rektor med det
same.
Dersom skulen vurderer det slik at eleven har klar skuld i det som har
skjedd, pliktar eleven og foreldre/føresette å erstatte skaden.
5.
FRÅVÆR OG FRI - MELDING
Første dag etter lovleg fråvær må du levere melding som er underteikna
av foreldra eller andre føresette.
Spørsmål om fri:
a.
Inntil ein dag vert avgjort av klassestyrar.
Faglærar kan gje fri sine timar ein dag.
b.
Inntil ei veke vert avgjort av rektor.
c.
Meir
enn ei veke vert avgjort av lærarråd.
Spørsmål om fri må leverast skriftleg i meldingsbok eller eige skriv.
Spørsmål om fri meir enn ei veke, kjem berre på tale i heilt spesielle
tilfelle, og slike spørsmål må vere rektor i hende i god tid på
førehand.
6.
VANLEG ORDEN
Vi skal halde klasserom og uteområde ryddig og i orden. Utstyr som vert
brukt skal setjast på plass og spesielle ordenselev-plikter går på
omgang mellom elevane. Det vert laga eigen instruks for ordenselev.
7.
RØYKING OG RUSMIDDEL
Det er ikkje tillate å røyke, bruke snus eller rusmiddel på skulen.
Denne regelen gjeld og når skulen er på tur og ekskursjonar der skulen
har ansvaret.
8.
KLE OG VERDISAKER
Kvar elev har sjølv ansvar for yttertøy og verdisaker. Unngå å ha med
deg verdisaker på skulen.
9.
ANDRE REGLAR
Elevane får ikkje ha med seg skuledagbøker, blad, cd, dvd, videoar eller
anna der innhaldet er i strid med skulen sin
kristne basis.
Mobiltelefon, mp3, disc-man o.l skal ikkje brukast i skuletida.
Rektor, klassestyrar og lærarråd kan setje i verk andre reglar som gjeld
daglege forhold når dette er nødvendig for at skulen skal fungere så
godt som mogeleg.
10.
BROT PÅ REGLANE
Ved brot på reglane vurderer skulen i kvart tilfelle kva reaksjonar
dette skal føre til. Aktuelle reaksjonsmåtar kan vere:
a.
Irettesetjing frå lærar, klassestyrar eller andre tilsette.
b.
Innkalling til samtale med rektor/inspektør.
c.
Melding
heim og samtale med foreldre/føresette.
d.
Inndraging av gjenstander ved misbruk.
e.
Nedsett
ordens-og/eller framferdskarakter.
f.
Utvising frå ein time eller deler av timen.
g.
Bortvising frå skulen inntil 3 dagar.
(Slik reaksjon er enkeltvedtak etter Forvaltningslova § 2 og kan
påklagast til Fylkesmannen)
h.
Andre tiltak som skulen finn passande i høve til regelbrotet.
Dersom regelbrotet er alvorleg nok, kan kvar reaksjon som er nemnt
under punkt 10, brukast som første disiplinærreaksjon.
M.U. VÅREN 2007
|