1.
Alle som fyller
vilkåra for opptak i tilsvarande offentleg skule kan vere elev ved
Møre Ungdomsskule. Skulen har heile landet som inntaksområde.
2.
Rektor står for
elevopptaket. I skuleåret kan lærarråd og klassestyrar takast med på
råd ved elevopptak.
3.
Elevane får tilbod om
plass i den rekkefylgja dei søkjer, men ved opptaket skal ein og
tilstrebe balanse mellom gutar og jenter i klassene. Fordelinga bør
vere innan 40-60%.
4.
Fylgjande søkjarar har
prioritet ved opptak:
a.
Elevar som kjem frå
norske skular i utlandet. (Eks. misjonærborn o.a)
b.
Born til tilsette ved
Møre Ungdomsskule og andre institusjonar og forsamlingar i Sunnmøre
Indremisjon som har flytta hit i samband med tilsetting.
c.
Inntil
to elevar pr. klasse på særskilde vilkår. Slike vilkår kan vere
ulike typer av funksjonshemmingar eller spesielt vanskelege
oppvekstvilkår. Rektor avgjer om vilkåra er til stades.
5.
Etter Friskulelova § 3-1 6. Ledd er avgjerd om inntak eit enkeltvedtak
etter Forvaltningslova § 2, og søkaren kan påklage vedtaket til
Fylkesmannen.
6.
Inntaksreglementet
vert vedteke av styret, og det er styret som må gjere endringar på
reglementet. Søknadsskjema vert utforma av rektor. Rektor avgjer kva
opplysningar skulen skal be om innafor det regelverket som elles
gjeld i slike saker.
Vedteke av styret 27.02.2012