Kort orientering om
skulen si historie.
I styremøte 3. juni
1988 (sak 99/88) sette styret for Sunnmøre Indremisjon ned ei
skulenemnd for Borgund Folkehøgskole. Oppdraget for nemnda var: Kva
skal ein i framtida bruke Borgund Folkehøgskole til? Fylgjande
stikkord var aktuelle: Folkehøgskule, ungdomsskule, vidaregåande
skule.
Då nemnda etter fleire
år avslutta arbeidet sitt, var oppstart av ungdomsskule nemnt som
eit mogeleg alternativ saman med andre, men her var ingen konklusjon
om å at det burde oppstartast ungdomsskule.
På eit sammøte mellom
styret for Borgund Folkehøgskole og styret for Sunnmøre Indremisjon
14. november 1992 var framtidig skuledrift tema. På dette møtet vart
oppstart av ein kristen ungdomsskule også drøfta, og i styremøte 5.
desember 1992 (sak 159/92) vart det sett ned ei arbeidsgruppe for å
vurdere om det kunne etablerast ein privat ungdomsskule i
Ålesund-området.
29. januar 1993 vart det
sendt søknad til departementet om godkjenning av privat
ungdomsskule.
Saka vart så handsama på
årsmøte i Sunnmøre Indremisjon i Langevåg i juni 1993. Etter ein
langvarig debatt der mange var negativt innstilte til å starte ein
slik skule, vart det vedteke å ta saka opp att på neste årsmøte. Som
ein del av saksførebuinga vidare skulle det gjerast ein
marknadsanalyse med tanke på behovet for ein slik skule.
Vinteren og våren 1994
vart det også utarbeidd skuleplan.
Saka vart så handsama på
årsmøtet i 1994 (på Borgund Folkehøgskole). Også her var det mange
som talte imot, men under avstemminga vart det eit stort fleirtal
for oppstart.
Handsaminga i
departementet tok urimeleg lang tid. Det kom stadig nye signal frå
departementet om korleis ting måtte vere for å få godkjenning, og
endeleg godkjenninga kom ikkje før enn i mai 1995.
Etter at skulen fekk
godkjenning, har tilhøvet til Ålesund kommune, Statens
utdanningskontor på Molde og departementet stort sett gått
knirkefritt.
Rektor vart tilsett frå
1. januar 1996, og frå 1. august var tre lærarar tilsette i
deltidsstillingar.
Dette første skuleåret
starta med seksten 7. klassingar og seks 8. klassingar. Kven som var
mest spent på korleis dette skulle gå, er vanskeleg å svare på, men
både spenninga og gleda var stor.
Neste skuleår var
elevtalet om lag 50, 3. året om lag 70 og så har talet lege på rundt
80 til og med skuleåret 2001 /2002. Frå og med skuleåret 2002 / 2003
har skulen hatt 4 klasser og vel 100 elevar.
Dei første åra held
skulen til i leigde lokale på Borgund Folkehøgskole og i brakker og
paviljongbygg som skulen fekk sett opp. Frå hausten 2001 har skulen
halde til i eigne lokale.